Gravplassforvaltinga i Os
Meny
  Gravsøk
Nyhetsbrev

Abonner gratis på kirkens nyhetsbrev. Meld deg inn her




  Gravferd i Os - Gravplassforvaltinga i Os

Gravferd i Os

Døden kan vere vanskeleg å gripe. Å miste er tungt å ta inn over seg. Gravferda gjer døden og avskilet meir konkret. Å samlast om kista til takk og avskil er ein stoppestad på vegen gjennom sorga. Mange kjenner seg hjulpne av dei kjende rammene gravferdsseremoni gjev. Gravferda er dei næraste si avskil med den døde.

Normalt er gravferder lagt til vanlege vekedager tysdag – fredag. Det er kyrkjeverja som fastset endeleg tidspunkt for ei gravferd. 

Det er kyrkja i Os som har ansvar for gravferdsforvaltinga i Os kommune. 

Dei fleste tek kontakt med eit gravferdsbyrå for hjelp til ulike praktiske ting som skal leggjast til rette i samband med gravferd.  Ein kan og ta direkte kontakt med kyrkjekontoret og avtale tid for gravferd.

 

Gravferdsseremoni

Ofte har avlidne gjeve uttrykk for kva  han/ho gravferdshandling ønskjer skal gjennomførast og det legg ein gjerne til grunn. Kistegrav eller kremasjon/urnegrav? Gravferdslova legg til grunn at avlidne sitt ønskje skal følgjast.

Det er den som ordnar med gravferda som bestemmer gravferdsordning.

 

Kyrkjeleg seremoni eller seremoni etter annan ordning ?

Dersom avlidne var medlem av Den norske kyrkje, er det vanleg at gravferdsseremoni skjer frå ei av kyrkjene våre og ein av våre prestar vil forrette ved gravferdsseremonien. Dei som  tilhøyrer andre trus- og livssynssamfunn, vil gjerne ha gravferdsseremoni etter deira ordning.

Uavhengig av kva ordning ein vel, vil vi som forvaltarar av gravplassane møte og leggje til rette jordfestinga likt for alle og i tråd med dei tradisjonar som gjeld.

 
Av: Monica Refsdahl   Publisert: 16.09.2016
 
Ekstern nyhende
Linkar
»
»
»
»
»
Kontaktinformasjon

GRAVPLASSFORVALTINGA I OS

Kyrkjeverja i Os
Postboks 209
5202 Os

Besøksadr.: Kyrkjetunet, Os sentrum
Tlf 56 57 24 00

E-post: post@os.kyrkja.no

Pålogging

Brukarnamn:

Passord:

Copyright © 2013 Gravplassforvaltinga i Os. Powered by KWeb fra kirkedata.no